Bokmål eller nynorsk?

Kan vi hjælpe dig?​

Ofte er det lettere og ta en rask samtale, og så ser vi om vi finner en god løsning

Vi trur at nynorskens far, Ivar Aasen, hadde vorte relativt varm i ❤️ dersom han hadde fått med seg dagens nyhende frå InFact.

Ja takk, begge deler, seier vi. InFact tek omsyn til språkmangfaldet i Noreg og tilbyr no alle våre kundar gjennomføring av meiningsmålingar på både nynorsk og bokmål. Her er fire viktige grunnar til å bruke nynorsk:

  1. Nynorsk er ein viktig del av den norske språkidentiteten.
  2. For å få mest mogleg nøyaktige og relevante svar frå respondentane, er det viktig å gje dei høve til å svare på sitt eige språk.
  3. Språk har innverknad på korleis vi oppfattar verda og politiske spørsmål. Meiningsmålingar på eigen målform kan gje betre innsikt i korleis språket påverkar respondentane sine politiske preferansar.
  4. Ved å inkludere nynorsk i meiningsmålingar, kan ein også bidra til å auke medvitet kring språkval og oppmuntre til bruk av nynorsk i fleire samanhengar.

No kan du enkelt få utarbeidd meningsmålingsskjema på nynorsk, gjennomføring av måling med munnleg nynorsk tale, samt få grafikk og resultat presentert på nynorsk. Vi har allereie gjennomført vellukka pilotprosjekt, og tilbakemeldingane frå respondentane og oppdragsgjevarane har vore svært positive.

Kan vi hjælpe dig?
Ofte er det lettere og ta en rask samtale, og så ser vi om vi finner en god løsning